Fleksibel tomtestruktur

Området er ope og solrikt og eignar seg godt som næringsområde.

Espevoll Næringsområde tilbyr heile 312 dekar netto byggbart areal for tilrettelegging av ulike typar verksemder.

Den fleksible tomtestrukturen gjer det mogleg for både små og store bedrifter å finne plass til utvikling og vekst, tilpassa dei spesifikke behova deira.

Filer for nedlasting

Last ned Designmanual
Last ned Området
Stort og Bergensnært

Totalareal: 550 dekar

Arna: 10 min.
Vågsbotn i Åsane: 23 min.
Bergen sentrum: 38 min.
Nesttun: 28 min.

Frå Espevoll Næringsområde er det 6 minutt til E16 (Osterøy-brua) og 4 minutt vidare til Arna, til saman berre 10 minutt.

Strategisk plassert for transport

 

Området er godt tilknytt kritisk infrastruktur for transport og logistikk, og ligg strategisk plassert med berre seks minutt køyring frå E16 og kort avstand til sentrale knutepunkt som Arna og Bergen.

E16 er ei av hovudfartsårene i Noreg, som sikrar effektiv transport mellom aust og vest.

K5-prosjektet mellom Arna og Stanghelle, eit av Noregs største samferdselsprosjekt, vil bidra til stort potensiale for ulike leverandørar med 10-12 års byggetid.