2. april 2025 blei det første næringsbygget på Espevoll næringsområde offisielt opna!
Norengros K.J. Brusdal har fått på plass eit imponerande logistikklager, noko som vil få betydning for heile næringslivet i regionen.
Romarheims konsernsjef, Kåre Romarheim, og prosjektleiar, Nils Skjerping, hadde gleda av å overrekkja kvart sitt bilete til Sissel Brusdal Solhaug og Ruth Brusdal – tekne av Alver-fotograf Morten Sæle. To bilete som symboliserer korleis historier, verdiar og arv blir førte vidare – både gjennom generasjonar og gjennom handling.
Vi ynskjer Norengros K.J. Brusdal hjarteleg velkomen og lukke til med ein ny epoke på Espevoll næringsområde!