Ny kontrakt signert: Espevoll veks vidare

Solgt+tomt+Espevoll+Næringsområde_Foto_Linn+M.Edvardsen

Knappe to månader etter opninga av det første næringsbygget, er neste tomt alt seld – og planlegginga av eit nytt bygg er i gang.

I april blei det første næringsbygget på Espevoll Næringsområde offisielt opna, og sidan då har Norengros K.J. Brusdal sitt nye logistikklager vore i full drift. Juni, 2025, knappe to månader seinare er ny kontrakt signert for neste etablering.

Kjøpar av tomt nummer to er R. Nielsen Entreprenør, som planlegg eit kombinasjonsbygg som skal romme både lager, verkstad og kontor.

Prosjektleiar Nils Skjerping i Romarheim Entreprenør synest det er triveleg at eit lokalt selskap satsar nettopp her:

– Det er veldig hyggeleg at R. Nielsen Entreprenør blir ein del av Espevoll. Det betyr mykje at lokale aktørar ser verdien i området og ønskjer å utvikle det vidare, seier Skjerping.

Byggeklar til hausten

Tomta vil etter planen vere ferdig planert og byggeklar i løpet av hausten 2025. Byggearbeidet er planlagt å starte rett etter at grunnarbeidet er fullført.

Skjerping fortel at interessa for Espevoll Næringsområde er aukande, og at han den siste tida har hatt fleire samtalar med andre potensielle utbyggjarar.

– Det er spennande tider på gang. Den gode starten med Norengros K.J. Brusdal har skapt merksemd, og vi får førespurnader frå fleire aktørar som ser potensialet i denne lokasjonen.

Strålande oppstart for første bygg

Etter at Norengros K.J. Brusdal sitt nye logistikklager kom i drift, kan Skjerping melde om gode tilbakemeldingar frå både selskapet, kundar og tilsette:

– Det er gledeleg å høyre at dei trivst og at alt fungerer så godt. Slike tilbakemeldingar er viktige for vidare utvikling, seier han.

Med tomt nummer to seld og fleire interessentar på veg inn, meiner Skjerping at framtida ser lys ut for Espevoll Næringsområde.

– Romarheim er stolte av å vere ein del av denne utviklinga, og vi ser fram til vidare samarbeid med både eksisterande og nye aktørar i området, legg han til.