Sterk interesse for Espevoll Næringsområde

IMG_7232

Norengros Brusdal er, som kjend, allereie etablert med lageret sitt (opna våren 2025).

I tillegg er eitt av tre planlagde bygg for Lagerseksjoner AS under oppføring.

Fleire aktørar har sikra seg tomter:

  • R. Nielsen Entreprenør AS har kjøpt tomt (bygging ikkje starta)
  • Svemko har avtale om kjøp av om lag 11 mål, med overtaking i nær framtid
  • LOBAS har avtale om kjøp av om lag 11 mål, med overtaking i nær framtid

Eit større prosjekt er også under planlegging, der Viken Innkvartering AS ønskjer å leige tomt for å etablere over 350 mellombelse bueiningar, samt kantine, treningsrom og andre fasilitetar til arbeidarar på K5-prosjektet (Arna–Stanghelle). Prosjektet er førebels i oppstartsfase, men kan gi utleige fram mot 2039.

Vi har også nyleg inngått ein intensjonsavtale med ein aktør om kjøp av om lag 14 mål, og det er dialog med fleire andre interessentar.

Om lag ein tredel av første del av næringsområdet er selt. Neste del er under planlegging, og det er framleis mykje areal tilgjengeleg.

Det er også aukande interesse frå selskap knytte til K5-utbygginga, som vurderer Espevoll til kontor, lager og verkstad.


Espevoll veks vidare

Knappe to månader etter opninga av det første næringsbygget, er neste tomt alt seld – og planlegginga av eit nytt bygg er i gang.

Les meir +