Utbygginga er endeleg i gang!

Arbeidet med infrastruktur er påbegynt med både oppgradering av fylkesvegen og VA anlegg fram til området.

Parallelt med dette arbeidet vil det bli tilrettelagt infrastruktur inne på næringsområdet, og starta planering av tomter i takt med interesse for etablering.

Me ønsker gjerne kontakt med mulige interessenter så snart som råd er for å kunne imøtekomme ønsker best mulig.

Det er primært tomter for salg men det er også mulig å leige arealer for kort eller lang periode.

Me kan også tilby nøkkelferdige næringsbygg for salg eller utleige.

Ta gjerne kontakt for å lufte ditt behov.

Vatn og avlaup

For at ein skal kunne realisera utbygginga av Espevoll næringsområde er det behov for vatn og avlaup fram til området. I heradsstyre den 19.03.2021 blei det vedtatt at Osterøy kommune skal realisere utbygginga av vatn og avlaup til Espevoll i tråd med «kommunedelplan for vassforsyning 2013-2024». Osterøy kommune heldt i skrivande stund på å utforma ein utbyggingsavtale mellom Osterøy Entreprenør AS og Osterøy Kommune.