820
home,page-template-default,page,page-id-820,wp-custom-logo,stockholm-core-2.2.2,select-theme-ver-9.7,ajax_fade,page_not_loaded,menu-animation-underline,side_area_uncovered,,qode_grid_1400,qode_footer_adv_responsiveness,qode_footer_adv_responsiveness_768,qode_footer_adv_responsiveness_one_column,qode_menu_,qode-mobile-logo-set,qode-wpml-enabled,elementor-default,elementor-kit-711,elementor-page elementor-page-820

På Osterøy vert det no utvikla eit næringsområde på
550 dekar. Området ligg godt skjerma mot omgjevnaden, samstundes som det er ope og solrikt og eignar seg godt som næringsområde.

Det er for tida lite ledig næringsareal i Bergen, og Espevoll Næringsområde vert eit vesentleg bidrag i høve trongen for næringsareal i Bergensregionen.

Frå Espevoll Næringsområde er det berre 6 minutt til

E 16 (Osterøy-brua) og 4 minutt vidare til Arna, til saman berre 10 minutt.

I Arna er det god kommunikasjon med tog til Bergen (8.min.), og til Voss/Oslo med Bergens-banen.

Mykje gods og varer vert transportert via E 16, og Espevoll vil vere strategisk for distribusjon i Bergens­regionen og eit godt utgangspunkt for dei fleste verksemder.